Torsdag 17 Oktober
Kl. 10:00 - 14:00, Meinstad
Røde Kors Bua, på Meinstad
Dette er ein bruktbutikk og her kan du få kjøpt fine og orntlege ting til ein herleg pris. Målet til denne butikken er å bidra til eit betre miljø og bærekraftig utvikling ved å tilby bruka klær, ting og tang til ein billig penge. Røde kors bua er ope torsdagar mellom kl.10.00 og kl.14.00

I vår butikk har du sjans til å finne skattar, som er borte frå dei vanlege butikkhyllene. 

Vi selg klede i mange ulike storleikar, klede som passar ulike alderar, klede som er moderne, - men også klede som var moderne for ei stund sidan.

Vi selg fint bruka sko: finsko, vintersko, utesko og inne sko i mange ulike storleikar.

Vi selg og litt møblar og utstyr til heimen.

Vi tek i mot og selg eldre, formatera smart telefonar, med laderar.

Om du har fint bruka ting heime som du ynskjer å gje vekk, set vi pris på om vi kan få det til vår butikk - set det på trappa til Meinstad. Overskuddet av drifta vil gå til veiledige formål.

Røde kors bua har eigen facebook side.

2024 © Fyresdal Frivilligsentral