Aktivitetsdag på Fiskebustøylen, Bli med til Fiskebustøylen september 2027, og opplev den vakre naturen.
Besøksvenn Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
Bli med å spele Dart Kvar torsdag kl.19, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
Bridge kveld Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
Dugnad/småjobb Fyresdal Frivilligsentral ynskjer å vere ein arena der folk som har behov for å få utført småjobbar, kan bli knytt til folk/frivillige som har kapasitet og lyst til å utføre diverse småjobbar.
Fyresdal Røde Kors Fyresdal Røde Kors er ein frivillig organisasjon som gjennomfører mange oppgåver i samfunnet.
Jolekveld på Fyresdal Frivilligsentral. I samarbeid med Fyresdal Røde kors arrangerar Fyresdal Frivilligsentral jolekveld på kulturhuset.
Markering Frivillighetens dag I desember markerar vi Frivillighetens dag. Dato: 5.desember Meir informasjon kjem
Måndagskafè Psykisk helse i Fyresdal, med Sigrunn og Ivar som primus motor inviterar til måndagskafè kvar veke mellom kl. 10 og 14. Om det ikkje er folk etter kl. 12.30, stenger vi kafeen.
Nål, trå og preik, sykveldar på Frivilligsentralen Vi invitetar til sosial kveld rundt sytøyet. Med dette ynskjer vi å skape ein sosial møteplass, rundt aktiviteten som blir skapt rundt sytøyet.
Onsdagstur Kvar onsdag er turdag. Vi møtast på parkeringa ved Fyresdal Samfunnshus kl. 11.00, og køyrer i fellesskap til innsteget for dagens tur.
Røde Kors Bua, på Meinstad Dette er ein bruktbutikk og her kan du få kjøpt fine og orntlege ting til ein herleg pris. Målet til denne butikken er å bidra til eit betre miljø og bærekraftig utvikling ved å tilby bruka klær, ting og tang til ein billig penge. Røde kors bua er på torsdagar, med litt varierande opningstider. Fylj med på flagget oppe ved vegen, eller fylj oss på FB.
Sommaraktivtet for barn og unge 2027, i Fyresdal. Sommare 2027 ynskjer vi å tilby ein rekke aktivitetar for barn og unge i skulens sommarferie.
Strikkekafè Kom og bli med på strikkekafe. Vi samlas for å dele idear og oppskrifter. Vi møtast i lokala til Frivilligsentralen annan kvar tysdag kl. 18.00. Oddetalsveker.
Symje trening for vaksne Har du eit ynskje om å bli eit betre symjar? Møt i Fyresdal symjehall på måndagar kl. 19.00, då er det symje trening for vaksne.
Utstyrssentralen Fyresdal Frivilligsentral har ein del utstyr, til gratis utlån. I løpet av hausten kjøper vi inn ein del nytt utstyr. Ta kontakt med Anne Lise Greivstad, for avtale og utlevering/innlevering. Sentralen er åpen for utlevering/levering av utstyr mån - fre, etter avtale med Anne Lise Greivstad på telefon 98664025.
Verdsdagen for psykisk helse Kvart år markerar vi verdsdagen for psykisk helse, neste markering er 10.oktober 2027
Vev di eiga filleryre På Gardar står det vevar klare, med renning og filler i hyller slik at du lage di eiga fillerye.