-
Bli med å spele Dart
Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.Aldersgruppe: For alle
Besøksvenn er eit tilbod for menneske i alle aldre som ynsker meir kontakt med andre menneske. Ein besøksvenn kan kome på eit heimebesøk, gå ein tur eller vere ein god samtalepartner over ein kopp kaffi heime eller på kafé. Besøksvennen er fast og kan kome på besøk ein gong i veka.
Del på:
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
-
Drodle kveld
Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.
-
Fredagsbad ved brygga
Kvar fredag mellom kl. 16.00 - 16.30, samlast vi for å dukke oss i Fyresvatn.
-
Fredagslunsj
Kvar fredag mellom 10 og 14 er det fredagslunsj på Frivilligsentralen.