-
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
Fredagsbad ved brygga
Kvar fredag mellom kl. 16.00 - 16.30, samlast vi for å dukke oss i Fyresvatn.Aldersgruppe: For alle
Blir du med å utfordre deg sjølv og di komfortsone? Møt opp ved Moland brygge kvar fredag mellom kl.16.00 - 16.30, med badedrakt, handklede, gode varme klær og kan hende litt varmt å drikke.
Vi, Signe og Anne Lise Greivstad ynskjer å starte med "vinterbading", og syns det hadde vore fint å ha med fleire.
Det er mange helsemessige fordelar med denne aktiviteten, men har du hjartetrøbbel rådfør deg med legen din fyrst. Dei som deltek, gjer dette på eige ansvar.
Del på:
-
Bli med å spele Dart
Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
-
Drodle kveld
Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.
-
Fredagslunsj
Kvar fredag mellom 10 og 14 er det fredagslunsj på Frivilligsentralen.