Aktivitetsdag på Fiskebustøylen, Bli med til Fiskebustøylen 11.september, og opplev den vakre naturen.
Besøksvenn Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
Bibliotektreff med høgtlesing Nytt tilbod - istaden for fredagslunsj, inviterar vi til sosialt samvær på Fyresdal folkebibliotek tre måndagar før jol, frå kl. 12.00 - 15.00.
Bli med å spele Dart Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
Bridge kveld Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
Drodle kveld Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.
Dugnad/småjobb Fyresdal Frivilligsentral ynskjer å vere ein arena der folk som har behov for å få utført småjobbar, kan bli knytt til folk/frivillige som har kapasitet og lyst til å utføre diverse småjobbar.
Måndagskafè Psykisk helse i Fyresdal, med Sigrunn og Ivar som primus motor inviterar til måndagskafè kvar veke mellom kl. 10 og 14.
Onsdagskafè Onsdagskafèen startar opp at onsdag 2.10, og held ope kvar onsdag mellom kl. 10.00 og 14.00 fram til 18.desember.
Onsdagstur Kvar onsdag er turdag. Vi møtast på parkeringa ved Fyresdal Samfunnshus kl. 11.00, og køyrer i fellesskap til innsteget for dagens tur.
Røde Kors Bua, på Meinstad Dette er ein bruktbutikk og her kan du få kjøpt fine og orntlege ting til ein herleg pris. Målet til denne butikken er å bidra til eit betre miljø og bærekraftig utvikling ved å tilby bruka klær, ting og tang til ein billig penge. Røde kors bua er ope torsdagar mellom kl.10.00 og kl.14.00.
Strikkekafè Kom og bli med på strikkekafe. Vi samlas for å dele idear og oppskrifter. Vi møtast i lokala til Frivilligsentralen annan kvar tysdag kl. 18.00. Oddetalsveker.
Symje trening for vaksne Har du eit ynskje om å bli eit betre symjar? Møt i Fyresdal symjehall på måndagar kl. 19.30, då er det symje trening for vaksne.
Takk og Pris I samband med Frivillighetens dag i desember ynskjer Fyresdal kommune å takke og setje pris på alle som jobbar frivillig i Fyresdal.
Utstyrssentralen Fyresdal Frivilligsentral har ein del utstyr, til gratis utlån. I løpet av hausten kjøper vi inn ein del nytt utstyr. Ta kontakt med Anne Lise Greivstad, for avtale og utlevering/innlevering. Sentralen er åpen for utlevering/levering av utstyr mån - fre.
Vedensdagen for psykisk helse, og 40 års jubeleum for Fyresdal Røde kors Fyresdal Røde Kross er 40 år, og det feirar vi på verdensdagen for psykisk helse 21. september. Vi har opplegg frå kl 14 og fram til 20.30 i Fyresdal sentrum
Vev di eiga filleryre På Gardar står det vevar klare, med renning og filler i hyller slik at du lage di eiga fillerye.