Røde Kors Bua, på Meinstad

Dette er ein bruktbutikk og her kan du få kjøpt fine og orntlege ting til ein herleg pris. Målet til denne butikken er å bidra til eit betre miljø og bærekraftig utvikling ved å tilby bruka klær, ting og tang til ein billig penge. Røde kors bua er ope torsdagar mellom kl.10.00 og kl.17.00.

Aldersgruppe: For alle

I vår butikk har du sjans til å finne skattar, som er borte frå dei vanlege butikkhyllene. 

Vi selg klede i mange ulike storleikar, klede som passar ulike alderar, klede som er moderne, - men også klede som var moderne for ei stund sidan.

Vi selg fint bruka sko: finsko, vintersko, utesko og inne sko i mange ulike storleikar.

Vi selg og litt møblar og utstyr til heimen.

Vi tek i mot og selg eldre, formatera smart telefonar, med laderar.

Om du har fint bruka ting heime som du ynskjer å gje vekk, set vi pris på om vi kan få det til vår butikk - set det på trappa til Meinstad, eller send ein melding til Karina Pinheiro som er ansvarlig for Røde kors bua, telefon 480 96 075. Overskuddet av drifta vil gå til veiledige formål.

Røde kors bua har eigen facebook side.

Neste Røde Kors Bua, på Meinstad

Dato Kl. Tittel Sted
Tor 09.05 10:00 Røde kors bua på Meinstad Meinstad
Tor 16.05 10:00 Røde kors bua på Meinstad Meinstad
Tor 23.05 10:00 Røde kors bua på Meinstad Meinstad
Tor 30.05 10:00 Røde kors bua på Meinstad Meinstad
Tor 06.06 10:00 Røde kors bua på Meinstad Meinstad
2024 © Fyresdal frivilligsentral