-
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
Fredagslunsj
Kvar fredag mellom 10 og 14 er det fredagslunsj på Frivilligsentralen.Aldersgruppe: For alle
På Frivilligsentralen kan du kvar fredag få kjøpt varm lunsj laga av kokkane på POS.
Du bestiller sjølv ved å ringe/sende melding til:
Fyresdal Frivilligsentral telefon: 948 73 640 mellom kl. 09.00 og kl.10.00 same fredag di vil ete. Maten blir servert kl. 11.15 på frivilligsentralen.
Maten som blir tilbudt går etter ein meny som rullerar over seks veker.
Dato meny
12.04.24: Lys lappskaus med brau
19.04.24: Gryterett med ris
26.04.24 : Kjøtbollar med stappe
03.05.24: Pai med salat
08.05.24: m/onsdagskafèen til utekjøkketet for å grille pølser mm.
10.05.24: Lappskaus med brau
24.05.24: Pytt i panne med speilegg
31.05.24: Lys lappskaus med brau
Etter mai månad og fram til 1.september er det ferietid for dei frivillige. Men er det nokon som ynskjer å drive fredagslunsjen sommaren 2024, ta kontakt med Anne Lise.
Frivillige desse dagane er Gunnlaug Kiland, Gerd Strånd og Åsa Momrak og Hilde Rinden.
Lunsjen kostar 70 kr, og blir betalt ved å vippse Frivilligsentralen 824953, eller du kan få faktura kvar månad frå Fyresdal kommune.
Del på:
-
Bli med å spele Dart
Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
-
Drodle kveld
Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.
-
Fredagsbad ved brygga
Kvar fredag mellom kl. 16.00 - 16.30, samlast vi for å dukke oss i Fyresvatn.