Alle er hjarteleg velkommen til å bli med på tur. Dagens tur, og turmål blir bestemt nokon dagar i forvegen og publisert på FB sida til Fyresdal Turlag.
Onsdagsturane er eit lågterskel tilbod. Fyresdal Turlag beskriv turane i forkant på FB sida si, slik at du sjølv kan vurdere om dagens tur er noko for deg.
Vi møtast på parkeringa ved Samfunnshuset, og køyerer i fellesskap ut til innsteget for dagens tur.
Ta med mat og drikke, og ha på deg klær som passar dagen.