Fyresdal jeger- og fiskelag og Fyresdal Frivilligsentral inviterer til fottur langs Fyresdal si Vesthei frå onsdag 28. mai til 31. mai.
Turen er ein del av markeringa rundt Friluftslivets år 2025 i Fyresdal. Vi har fått støtte frå BufDir og Norges jeger og fiskeforbund til denne turen.
Turen passar for familiar med barn 9–13 år.
Deltakarane må ha sko og utstyr som passar til slik aktivitet, og kan lånast på Utstyrssentralen om behov. Ta kontakt om du lurar på kva utstyr det er. Deltakarane må også kunne gå 8-9 km på ein dag.
Det er mogleg å lage mat frå depotet, på turisthyttene – men om ein ynskjer noko spesielt må ein ta med det sjølv.
Turen passar for familiar som ynskjer seg eit fellesskap med andre, lære om kart og kompass i tillegg til å lære og oppleve naturen i dette området.
Tidsplan:
Onsdag 28. mai: Vi startar frå Fyresdal kl. 15.00, og køyrer vi i fellesskap til Torsdalen, og går inn til Nystøyl ca. 5–6 km. Kos og mat resten av kvelden.
Torsdag 29. mai: Vi går etter frukost til Nutevasshytta. Dette er ein tur på ca. 9 km, men av erfaring går dette går greitt når vi brukar heile dagen, og har nok mat med.
Fredag 30. mai er kviledag på Nutevasshytta. Vi fiskar i Nutevatna, padlar, badar og leikar. Vi har god mat frå depotet på hytta.
Laurdag 31. mai: Vi startar frå Nytevasshytta og går til Griddalen etter frukost. Regnar med å vere på parkeringsplassen i Griddalen kl. 16.00.
Fredag
23
Mai
Bli med på ein liten mini ekspedisjon. Passar familiar som har gått ein del i terrenget og som ynskjer å gå saman med andre.
23.05.2025 kl. 15:00 - 31.05.2025 kl. 16:00, Fyresdsal si Vesthei.
Familietur langs grensa til Setesdal med overnating i hyttene til AAT, Nystøyl og Nutevatn.
Flere kalenderoppføringer
Fredag 06. juni 2025 kl. 08:00
Lørdag 07. juni 2025 kl. 08:00
Søndag 08. juni 2025 kl. 08:00
Mandag 09. juni 2025 kl. 08:00
Mandag 09. juni 2025 kl. 10:00 - 14:00