Bullseye Dartklubb Vi held til på Gardar (Landstadvegen 37). Der har vi pr. i dag 5 banar og spele på, og vi har forskjellige spillekveldar.
Vi satsar mot barn og ungdom i bygda, så her kan alle frå 12 år og oppover melde seg inn og bli med å spele. Medlemskap for born opp til 18 år er gratis.
Vi vil fokusere på å skape ein arena som alle kan trivast i.
Vi treffast torsdagar frå kl. 19!
Alle kan bli med, ingen er dårlege! Det vil vere moglegheit for å lære teknikk og få tips om å finne dartpil som kan passe for den enkelte medlem.
Klubben har 8 sett piler som KUN medlemar kan låne/prøve til dei eventuelt får sine egne. Vi håpar du/dykk vil bli med i klubben. Det er ikkje alle barn og ungdom som er med på fotball eller ski. Dette er eit lågterskeltilbod der du ikkje treng utstyr, dette får du låne av klubben. Har du lyst har du lov, alt kan lærast.
Vel møtt ☺
Kontaktinfo: bullseyedartklubb@gmail.com telefon: 40 52 75 57 (Olav Bjørnerud)