Dette er ein tur som set litt krav til fysikken hjå deltakerane. For å bli med må du kunne gå med tung sekk, over tre dagar. Dagsetappene vil vere på ca. 10 km.
På denne turen legg vi opp til litt læring og praktisering av kart og kompass, fiskeutstyr og fisking, mat ute og vere ein god turvenn.
Fyresdal Frivilligsentral har ein del utstyr til gratis utlån, om det er noko du manglar for å bli med.
Dette er eit samarbeid med Fyresdal jeger og fiskelag.
Påmelding til Anne Lise på Frivilligsentralen: telefon 98664025.
Pakkeliste og nærmare informasjon blir dela ut til dei som melder seg på.