Vi har fått låne Austre Nape av Johan B Ugland og inviterar til aktivitetsdagar innan friluftsliv.
Vi har leigd inn instruktør som vil lære oss kunsten med å slege flugefiske stonga, og får besøk av Sindre frå Faun som vil formidle kunnskap om villreinen og villreinens leveområde.
Flugefiskeinstruktøren har med seg flugestenger ein kan låne, om ein ikkje har sjølv. Han vil også ha med utstyr til å lage eigne fluger.
Mellom opplegget har du mykje tid du kan bruke som du vil til turgåing, fisking, bading og leikar på tunet.
Vi overnattar på feltseng i låven på Austre Nape, og steller maten på kjøkkenet der.
Aktiviteten er gratis, og utstyr kan du låne på Frivilligsentralen om du manglar noko.
Påmelding til Anne Lise: 98664025