Tirsdag 17 Oktober 2023
Kl. 10:00 - 17:00, Meinstad
Røde Kors Bua, på Meinstad
Dette er ein bruktbutikk og her kan du få kjøpt fine og orntlege ting til ein herleg pris. Målet til denne butikken er å bidra til eit betre miljø og bærekraftig utvikling ved å tilby bruka klær, ting og tang til ein billig penge.

I vår butikk har du sjans til å finne skattar, som er borte frå dei vanlege butikkhyllene. 

Vi selg klede i mange ulike storleikar, klede som passar ulike alderar, klede som er moderne, - men også klede som var moderne for ei stund sidan.

Vi selg fint bruka sko: finsko, vintersko, utesko og inne sko i mange ulike storleikar.

Vi selg og litt møblar og utstyr til heimen.

Om du har fint bruka ting heime som du ynskjer å gje vekk, set vi pris på om vi kan få det til vår butikk - set det på trappa til Meinstad, eller send ein melding til Karina Pinheiro som er ansvarlig for Røde kors bua, telefon 480 96 075. Overskuddet av drifta vil gå til veiledige formål.

Røde kors bua har eigen facebook side: https://www.facebook.com/profile.php?id=61552330799732

2024 © Fyresdal frivilligsentral