Aktivitetsdag for pensjonistar på Fiskebustøylen

Åshild, Anne og Jørund Valebjørg inviterer pensjonistar i Fyresdal til aktivitetsdag på Fiskebustøylen der aktivitetane er lagt opp rundt fisk.

Åshild, Anne og Jørund inviterer til aktivitetsdag med fiske som hovudaktivitet.
Felles avreise frå Frivillig sentralen kl. 09.30. Vi prøvar å få til samkjøring, så om du har bil og kan kjøre er det fint om du gjev melding om det.
Vi byrjar dagen med å ta opp fiskegarna som er satt ut i Holmvaten kvelden før. Dei som har lyst til å bli med ut i båten er hjarteleg velkommen til det, eller så kan du nyte utsikten frå Båthuset mens andre er ute og tek opp garna.
Når fiske fangsten kjem til land, håpar vi at mange blir med å tar fisken ut av garna og reier desse. Det er moglegheit til å få med seg fisk heim.


Kl. 12 blir det servert rjomegraut, kaffi og kake i Båthuset.
Pris: 50 kr. pr. pers.
Avslutning og vel heim kl. 14.00
Påmelding innan fredag 8.09.2023, då gjev du og tilbakemelding om du kan kjøre/treng å sitje på til telefon: 94873640, eller på e-post: anne.lise.greivstad@fyresdal.kommune.no


Prisar

Honnør: 50,00

Kontaktinformasjon

Åshild, Anne og Jørund Valebjørg
Tlf: 97677991
E-post: anne.lise.greivstad@fyresdal.kommune.no

Flere nyheter
2024 © Fyresdal frivilligsentral