-
Aktivitetsdag på Fiskebustøylen,
Bli med til Fiskebustøylen september 2026, og opplev den vakre naturen.
Bli med å spele Dart
Kvar torsdag kl.19, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.Aldersgruppe: For alle
Bullseye Dartklubb Vi held til på Gardar (Landstadvegen 37). Der har vi pr. i dag 5 banar og spele på, og vi har forskjellige spillekveldar.
Vi satsar mot barn og ungdom i bygda, så her kan alle frå 12 år og oppover melde seg inn og bli med å spele. Medlemskap for born opp til 18 år er gratis.
Vi vil fokusere på å skape ein arena som alle kan trivast i.
Vi treffast torsdagar frå kl. 19!
Alle kan bli med, ingen er dårlege! Det vil vere moglegheit for å lære teknikk og få tips om å finne dartpil som kan passe for den enkelte medlem.
Klubben har 8 sett piler som KUN medlemar kan låne/prøve til dei eventuelt får sine egne. Vi håpar du/dykk vil bli med i klubben. Det er ikkje alle barn og ungdom som er med på fotball eller ski. Dette er eit lågterskeltilbod der du ikkje treng utstyr, dette får du låne av klubben. Har du lyst har du lov, alt kan lærast.
Vel møtt ☺
Kontaktinfo: bullseyedartklubb@gmail.com telefon: 40 52 75 57 (Olav Bjørnerud)
Neste Bli med å spele Dart
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Tor 03.09 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
| Tor 10.09 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
| Tor 17.09 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
| Tor 24.09 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
| Tor 01.10 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
| Tor 08.10 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
| Tor 15.10 | 19:00 | Bli med å spele Dart | Gardar |
Del på:
-
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
-
Bli med Fyresdal frivilligsentral på tur.
Fyresdal Frivilligsentral inviterer folk på busstur. Vi tek ein tur i nærområdet og er innom ulike kulturtilbod i Nissedal og Vrådal.
-
Brettspillkveld på Frivilligsentralen
Kom til Frivilligsentralen og møt oss over spillebrettet.
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.