-
Aktivitetsdag på Fiskebustøylen,
Bli med til Fiskebustøylen 3.september, og opplev den vakre naturen.
Sosial Weekend på Villa Glede Granlien
Ei helg for nye relasjonar Frivilligsentralane i Vest-Telemark og Vest-Telemark Lions inviterar vaksne og eldre vestteler til ein triveleg helg i flotte omgivningar i Kviteseid. God mat og sosialt samvêr vil stå i fokus, og me håpar at dette vil bli ei helg der nye kjennskap og venskap vil bli stifta på tvers av kommunane.Me har bestilt både lunsj og middagar frå Waldenstrøm kafé, og kjem til å vere både inne, ute og i den store lavvoen. Viss ein vil kan ein gå på tur eller fiske, eller slappe av i huset med strikketøy og ein kaffikopp. Villa Glede Granlien har mellom anna peisestove, spisesal, kjøkken og ti soverom. Ute er det stor hage med frisbeegolfbane, sitjegrupper, badstue, turstiar og tre geiter som tuslar rundt.
Program:
Laurdag
kl. 12 - Lunsjbuffé
kl. 13 - Aktivitetar i hagen: boccia, kubb, frisbeegolf
kl. 15 - Middag
kl. 16 - Fritid, med moglegheit for tur til Heivatn eller i nærområdet
kl. 19 - Grillsamling i lavvoen
kl. 20 - Sosialt i peisestoga med musikk og quiz
Sundag:
kl. 9-11 - Brunsj + ord for dagen med Eilev Erikstein
kl. 11 - Fritid, med moglegheit for tur eller ana på Granlien
kl. 14 - Middag og avreise
Overnattingsplass for 10-20 stykk (gratis), elles kan ein kome på dagsbesøk. Maks antal totalt er 40.
Tid og stad: 9.-10. mai på Villa Glede Granlien, Granlivegen 74
Pris: 500kr. for heile helga.
Påmelding innan 4. mai til Kviteseid frivilligsentral på tlf.: 96624412
Del på:
-
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
-
Bli med å spele Dart
Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
-
Drodle kveld
Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.