-
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
Naturen som lykkepille
Midtsommartur over Himmelkvævristene. To dags tur.Aldersgruppe: 18 til 100 år
Vi inviterar til vandretur over Himmelkvævristene med overnatting i Torsdalen på hytta til Annette og Jon Kjell.
Vi startar ved Nøs, laurdag og brukar dagen i heia før vi endar opp i Torsdalenen. Det er mogleghetar for å sende mat og utstyr med bil til Torsdalen slik at vi kan gå med lett dagstursekk over fjellet.
For å delta må du vere i god fysisk form, og ha gode sko.
Påmelding til Anne Lise Greivstad 98664025, innan 8.juni.
Meir informasjon og pakkeliste ved påmelding.
Del på:
-
Bli med å spele Dart
Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
-
Drodle kveld
Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.
-
Fredagsbad ved brygga
Kvar fredag mellom kl. 16.00 - 16.30, samlast vi for å dukke oss i Fyresvatn.