-
Besøksvenn
Fleire folk i Fyresdal ynskjer seg ein besøksvenn. Er dette noko for deg, ta kontakt med Anne Lise på Frivilligsentralen så kan vi vere med å opprette kontaktar mellom folk.
TTF tur til Birtedalen
Vi inviterer til leik og moro ved Røde kors hytta i Birtedalen.Aldersgruppe: For alle
Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomne til hytta vår i Birtedalen.
Oppmøte i Birtedalen, om ikkje anna er avtala.
Vi fyrar opp i bålpanna og tar ein tur eller to på skuter. Kanskje nokon vil i akebakken også?
Ta med eigen mat og drikke.
Påmelding innan 3.april til Fyresdal røde kors sin vakttelefon: 97478835
Del på:
-
Bli med å spele Dart
Kvar onsdag frå kl.19.00 og annankvar fredag frå kl 19.00, er alle hjarteleg velkommen til å kome på Gardar for å spele dart. Dette er for alle.
-
Bridge kveld
Ein gong i veka, kvar - torsdag frå kl. 18.00 er du velkommen til Fyresdal Frivilligsentral for å spele bridge.
-
Drodle kveld
Judith (Merleyn) pakkar veska si, med teiknesaker og kryssar vegen over til Fyresdal Frivilligsentral kvar onsdag kveld i november kl 19.00. Alle er hjarteleg velkommen til ein kreative kveldar med penn og papir.
-
Fredagsbad ved brygga
Kvar fredag mellom kl. 16.00 - 16.30, samlast vi for å dukke oss i Fyresvatn.